Første møte for NHH sitt Advisory Board

NHH Advisory Board (Foto: Hallvard Lyssand)

NHH sitt Advisory Board er eit rådgjevande organ sett saman av toppfolk frå norsk og internasjonalt næringsliv og akademia. I dag er dei samla til sitt første møte. In English

05.03.2013 - Hallvard Lyssand


Medlemene i Advisory Board skal bidra med eksterne perspektiv på høgskulen sine utdannings-, forskings- og formidlingsaktivitetar, og gje råd i samband med høgskulen sitt strategiarbeid og korleis høgskulen kan nå sine ambisiøse mål. (Sjå medlemsoversikt lengre nede i saka).

Opphavleg var det Kunnskapsdepartementet som tok initiativet til å oppretta råd for samarbeid med næringslivet, men institusjonane fekk sjølve utforma mandat og finna kandidatar til sine råd.

Styret ved NHH valde å nytta mønsteret frå advisory boards ved handelshøgskular i utlandet, og har sett saman eit råd med ti eksterne medlemmer frå leiarsjiktet i internasjonal akademia, og norsk og internasjonalt næringsliv. NHH er representert ved rektor, administrerande direktør og to studentrepresentantar.

Rådet er utnemnt for fire år og skal etter planen møtast ein til to gonger i året.

Dei var første gong samla til arbeidsmiddag på Stupet måndag kveld. I dag er det første møtet, med presentasjonar av NHH, strategiarbeidet, forsking og utdanning, internasjonale relasjonar og næringslivssamarbeid og påfølgjande diskusjonar.

Representantar frå internasjonalt næringsliv:

Stine Bosse, Styreleiar og -medlem i ei rekkje internasjonale selskap
Richard Milne, Nordic and Baltic Correspondent, Financial Times
Jorma Ollila, Styreleiar, Royal Dutch Shell Plc.

Representantar frå internasjonal akademia:

Jean-Paul Larçon, professor, HEC Paris og æresdoktor ved NHH
Kulwant Singh, professor, National University Singapore

Representantar frå norsk næringsliv:

Cecilie Blydt Heuch, Chief HR Officer, Det norske Veritas